Kishore Kumar Hits

Odd Nordstoga - Alt slik det var laga текст песни

Исполнитель: Odd Nordstoga

альбом: Inn i skogen


Her er skogen
Her er stien
Her er fura stor og feit
Her er duva som har brevet
Her er reven som allting veit
Her er myra
Her er molta
Her er songen frå ein bekk
Her er ugla som har svaret
På det du gløymde vekk
Her er alt det som du minnest
I din fot og i di hand,
Som du gløymde då du ivrig
Gjennom tidene for fram
Her er alt slik det var laga
Då du ein gong kom i land
Her er blomar
Her er enga
Her er stein og her er jord
Her er elgen borti kanten,
Var det den du såg i fjor?
Her er fjellet opp mot himmelen
Det er for tungt og stort for ord
Men det er dit du snur ditt auga,
For det er der at lengten gror
Her er alt, og alt er heime
Knytt ihop med skøyre band
Og dei før deg, dei for stille
Når dei gjennom her for fram
Her er alt slik det var laga
Då du ein gong kom i land
Her er alt slik det var laga
Då du ein gong kom i land
Her er alt slik det var laga
Då du ein gong kom i land
Her er alt slik det var laga
Då du ein gong kom i land

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители

Vamp

Исполнитель