Eg sit på ein ustø europall Og syng ein nysjølskriven trall. Om det innerste i livet mitt På handelens dag i ditt distrikt. Ein full fyr står å ser på Klamra seg te dama. Han si at no må eg snart sjå å spela Sweet Home Alabama. Nokon balansere når dei gå. Hjølpelaus når det røyne på. Eg har sett uppgang og stygge fall Frå store høgdi og frå ein pall. Som gamalt lauv i vind Som papirbåt på svarte fjordn Kjempa eg med musikken min Og havarera i soln. Progresjonen er kje stor. Eg er glad du ikkje ser meg mor. I skallen svirra store ord og ting Eg alder burde ha gjort. Takk te mor og far for at eg fins. Dei brukte å kalle meg for prins. Då var eg ein kjekk og frampå russ. No gjer eg folk nervøs og i stuss. Det er visst noko med augun. Dei klara alder å roe seg. Det smitta over på publikum. Ein prins ville alder gjort det. Progresjonen er kje stor. Eg er glad du ikkje ser meg mor. I skallen svirra store ord og ting Eg alder burde ha gjort. Eg kryssa kyrkjegarden i dag. Gudsforlatt, men i godt slag. Ingen flagga på halv stong. Berre ein snøggtur denne gong.