Det hev ei rose sprunge Ut av ei rot so grann. Som fedrane hev sunge: Av Isais rot ho rann, Og var ein blome blid, Midt i den kalde vinter Ved mørke midnattstid Om denne rosa eine Er sagt Jesajas ord. Maria møy, den reine Bar rosa til vår jord. Og Herrens miskunns makt Det store under gjorde Som var i spådom sagt. Gloria in Excelsis Deo! Guds rose ljuvleg angar Og skin i jordlivs natt. Når hennar ljos oss fangar, Ho vert vår beste skatt. Me syng i englelag: No er det født ein Frelsar, Og natti vart til dag. Gloria in Excelsis Deo!