Kvardagskristen vil eg vera Syn for segn det krev Guds ord Samklang mellom liv og læra Det er himmelsong på jord Som den djupe fjord kan greia Spegla himlen høg og blå Skal ein kvardagskristen spreia Festglans kring det kvardagsgrå Kvardagskristen, døypt til yrke Fødd til kjærleik, skapt av Gud Vigslar heim og hall til kyrkje Kjøkenkrå og handelsbu Mynt og vara for Guds stempel Fals og fusk på døri må Altarljoset i Guds tempel Festglans gjev det kvardagsgrå Sjå, der kjem ein sjuk og fattig Der kjem ein som spør om råd Der ein sviken, der ein hatig Her er nok for offerdåd Lokka smilen gjennom tåra Så me himmelsk glans får sjå Trengsla kring oss får forklåra Festglans i det kvardagsgrå Kvardagskristen vil eg vera Syn for segn det krev Guds ord Samklang mellom liv og læra Det er himmelsong på jord Og når så min kvardagsbunad Skal for himlen skiftast om Strålar bjart kring livsens kruna Festglans i Guds herlegdom