Det stig av hav eit alveland Med tind og mo; Det kviler klårt mot himilrand I kveldblå ro. Eg såg det tidt som sveipt i eim Bak havdis grå; Det er ein huld, ein heilag heim, Me ei kann nå. Ho søv, den fine tinderad I draume-bann; Men so ei stund ved soleglad Ho kjem i brand. Når dagen sig som eld og blod I blåe-myr, Det logar upp med glim og glod Og æventyr. Det brenn i brè og skjelv og skin Med gullan-bragd, Og lufti glø'r i glans av vin, Sylv og smaragd. Men av han døyr, den bleike brand, Som slokna glod, Og klårt som fyrr ligg alveland I kveldblå ro. Eg lengta tidt på trøytte veg Der ut til fred; Men landet fyrst kann syne seg Når sol gjeng ned.