Kishore Kumar Hits

Johannes Kleppevik - Sund på søre Sotra текст песни

Исполнитель: Johannes Kleppevik

альбом: Motorbåt og ein laurdagsdans


Å guten låg i vogga, han såg på mora si,
Mens far'n stod og tenkte, kva vil den kar'n bli?
Dei glade, var lett på foten då,
Dei lyse sommarkvelder,
Eg stundom klart kan sjå.
Sund på Søre Sotra,
Heimen me alltid har,
Sund på Søre Sotra,
Gåva frå Mor og Far.
Og garden den var liten, 10 sauer og 2 kyr,
Han bestefar han rodde, og fiska torsk og lyr,
Men ungane laut hjelpa si mor med torv og slått,
Mens far'n var på longfart, ny båt han hadde fått.
Sund på Søre Sotra,
Heimen me alltid har,
Sund på Søre Sotra,
Gåva frå Mor og Far.
I vest låg det gode havet,
Det skapte utferdstrong,
Og mange trog på fiske, eg hugsar at dei song,
Og i Vatlestraumen fraktar, til Bergen dreng og møy,
Dei ville ut i verda, var lei av torv og høy!
Sund på Søre Sotra,
Heimen me alltid har,
Sund på Søre Sotra,
Gåva frå Mor og Far.
I krig og fred var reia,
Ein varde og ein havn,
Og aldrig skal me gløyma,
Kvar heltedåd, kvar savn
Og når han ut i verda, om kvelden står ombord
Han minnes gamle grender, og songen frå si mor!
Sund på Søre Sotra,
Heimen me alltid har,
Sund på Søre Sotra,
Gåva frå Mor og Far,
Gåva frå Mor og Far.

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители

E-76

Исполнитель