Eg vil ingjen spelemann ha, For eg kan ikkje dansa; Eg vil meg ein skreddar ha, Som søyma fine kransa. Eg vil ingjen skreddar ha, Då må eg pressa kluta; Eg vil meg ein slaktar ha, Så får eg fine stuta. Eg vil ingjen slaktar ha, Då må eg skrape tarma; Eg vil meg ein bryggjarmann ha, Så får eg øl i kanna. Eg vil ingjen bryggjarmann ha, Då lyt eg skylje tynner; Eg vil meg ein prestemann ha, Som skrifta meg frå synder. Eg vil ingjen prestemann ha, For eg har ingjen synder; Eg vil meg ein snikkar ha, Så får eg nye sengjer. Eg vil ingjen snikkar ha, Då må eg slipe høvla; Eg vil meg ein skomakar ha, Så får eg nye støvla. Eg vil ingjen skomakar ha, For han har bek på finge; Eg vil meg ein gullsmed ha, Så får eg ring på finge. Og medan nær han står upp, Da står han ved mi side; Krusar upp mi gule lokk: "Statt upp mi vesle pike." Eg er så lystig og så glad, Nå har eg kjærest funne; Eg håpar og eg vonar det, At eg har spelet vunne.