Den fyste natta med låg i hop, Då kjeldest me, og klappast Den andre natta me låg i hop Slost me som hund og kattar. Aldri såg eg dagen god, Nei, aldri fekk eg nattero for kjerringa. Den tredje natta me låg i hop Då beit ho av meg øyret. Fjorten dagar etterpå eg kunne lite høyre. Aldri såg eg dagen god, Nei, aldri fekk eg nattero for kjerringa. Så tok eg meg min nye båt Og rodde til andre sida. Kjerringa tok eit bakstetrau Og kom fram på same tida. Aldri såg eg dagen god, Aldri fekk eg nattero for kjerringa. Så sala eg min gangar grå Og vilde til presten rida. Kjerringa tok ei skabbete merr Og kom fram på same tida Aldri såg eg dagen god, Nei, aldri fekk eg nattero for kjerringa. Men no er eg så hjartans glad For no er eg åleine Og kjerringa ligg nedpå havsens botn Og veltar på sværa steine. No så hev eg dagen god No så hev eg nattero For kjerringa...