Eg heiter Ola Tveiten og eg er ein arbeidsmann Eg eig ein traktor og meg sjøl og gjer så godt eg kan Og bjørnen ligg i sitt vinterhi, men det gjer ikkje eg For i heile vinter har eg vore med og rydda veg Og vegen blei fin og brei og slett -Sudelida sudelidei! Den finaste eg har sett -Sudelida sudelidei! Nei, det var ingen krøttersti Om ikkje han ligg her til evig tid Så skal eg eta opp lua mi -Sudelida sudelidei! (Hei!) Tra la lalala la! Fyll opp mitt tomme krus! Og eg har vel lempa pukkstein og eg har vel lempa grus Og eg har vel lengta heim ein gong til kjerring og til hus Og eg har vel budd på brakke i vekesvis i trekk Og eg har vel banna om kvelden og ønska meg ti mil vekk. Og dagen var lang og han var svart. -Sudelida sudelidei! Arbeidet var tungt og hardt. -Sudelida sudelidei! Spør du meg skal du få svar Det var arbeid for ein kar I frå oktober til januar. -Sudelida sudelidei! Tra la lalala la Fyll opp mitt tomme krus! Og snart skal vegen opnast med mange store ord Så får vi sjå ein kakse som kan klippe av ei snor Og narren står og smiler – vi har sett det så ofte før Og held sin takketale for den stolte kontraktør. Så ropar dei alle høgt hurra -Sudelida sudelidei! Får biletet sitt i bla' Sudelida sudelidei! Men du finn nok ikkje oss Blant alle dei fine folk i floss Nei, du kan be dei dra til Moss! -Sudelida sudelidei! Tra la lalala la! Fyll opp mitt tomme krus! Og når du sit i bilen din ein skinande sommardag Så send ein venleg tanke til eit trufast arbeidslag Som har jobba seg fram etter vegen fleirfoldige tunge mil For at du skal få trø på ein gasspedal og kjøra kvar helst du vil Mens vi rydda vegen bit for bit -Sudelida sudelidei! Kvar meter har kosta slit -Sudelida sudelidei! Men vegen skal du ha Om ikkje du tykkjer han e' bra Lukt te' helvete kan du dra! -Sudelida sudelidei! Tra la lalala la! Fyll opp mitt tomme krus!