Kishore Kumar Hits

Kirsten Bråten Berg - Fram Dansar Ein Haugkall текст песни

Исполнитель: Kirsten Bråten Berg

альбом: Songen


Fram dansar ein haugkall, fager og blå,
Med gullring om håret som fløymer;
Han giljar for Veslemøy til og frå,
Og tonar ikring honom strøymer.
Å hildrande du!
Med meg skal du bu;
I Blåhaugen skal du din sylvrokk snu.
Um dagen er eg den brune bjørn,
Som bykser i skogane vide
Og laugar mitt ragg i djupaste tjørn
Og vassar i straumane stride
Og leikar i strand
Og rår yver land
So langt som ditt auga det timja kan.
Men når det lid til midnettes bel
Og dagen i haug er gjengen,
Då høyrer du klunk og yndeleg spel
Som linnaste lokking frå strengen;
Då kjem eg til deg
Frå villande veg
Og søv i din arm til du vekkjer meg.
Men skal du sitja Blåhaug brur
I silke og sylv so det bragar
Og aldri kjennest så eller stur
I alle dei levedagar.
Å hildrande du!
Med meg skal du bu,
I Blåhaugen skal du din sylvrokk snu.

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители