Kishore Kumar Hits

Kirsten Bråten Berg - Astrid, Mi Astrid текст песни

Исполнитель: Kirsten Bråten Berg

альбом: Songen


ASTRID, MI ASTRID
Tekst: H. Hanson | Melodi: Norsk folketone
Astrid, mi Astrid, som eine heldt tå meg,
Den tid du var meg så inderleg god!
Den tid du gret kvar ein gong eg gjekk frå deg,
Som var kvar laurdagskveld, minst du det no?
Då var eg bygdas sælaste gut,
Ikkje eg bytte med prest eller fut.
Då var eg bygdas sælaste gut,
Ikkje eg bytte med prest eller fut.
Den tid du heldt utav Astrid åleine,
Då ikkje Svanaug var venar' for deg;
Den tid du var no så snøgg'e på beina,
Då du kvar laurdagskveld ila til meg;
Ikkje med skrivarens dotter ha' eg
Den gongen byta, skull' eg mista deg.
Ikkje med skrivarens dotter ha' eg
Den gongen byta, skull' eg mista deg.
Men om eg skulle no Svanaug forlate,
Og om eg kom ho kje meire i hug,
Og om eg skulle til deg koma atter,
Om eg til Astrid igjen skull' få hug,
Om eg no trygda at eg vart deg tru,
Astrid, mi Astrid, kva svara då du?
Om eg no trygda at eg vart deg tru,
Astrid, mi Astrid, kva svara då du?
Venar' enn sola som går bakom fjellet,
Det er han Torgrim, kan eg seie deg;
Og du er argar' enn villaste trollet,
Falskar' enn skumet på vatnet mot meg,
- Men eg er likvel di trugnaste møy:
Berre med deg vil eg leva og døy.
Men eg er likvel di trugnaste møy:
Berre med deg vil eg leva og døy.

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители