Kishore Kumar Hits

Austestad - Våren Tok To Steg Tilbake текст песни

Исполнитель: Austestad

альбом: Venterom


Skyar strømte øve' himmelen i dag
Mørkt mot lyse himmeldrag
Og glimt av lynnedslag
Regn og hagl og sludd og snø
Våren tok to steg tilbake
Når det skulle grø
(Instrumental)
Skjebnen virvla rundt i vindfanget i går
Det skjer kvar gong det lir til vår
Du haustar det du sår
Eg måtte fange fjær som katta drog med inn
Men det var eg som slapp ho ut
Eg får vel tole kva eg finn
Det var eg som lukka døra opp
Så katta kunne gå
Og eg som satt ut matfatet
Men gløymte å fylle på
Var eg som song ein einsam song
Og kalla katten inn
Og lot døra stå på gløtt og slå
I allslags vær og vind
(Instrumental)
Frostrøyk strømmer ut i takt med språket mitt
Men er det rart at det ryker no
Så kaldt som det har blitt?
Og du kan høyre at det skingrar når eg går
I frå istappar som tromlar rundt
Med mine hjerteskår
Men det var eg som lukka døra opp
Så vinteren kom seg inn
Og stod og ropte "lussi" 'fer
Å få inn katteskinn
Men ingen i sitt rette sinn
Bør komme nær når eg
Står og hakker tenner
Mens eg leiter etter deg
(Instrumental)
Skyar strømte øve' himmelen i dag
Mørkt mot lyse himmeldrag
Og glimt av lynnedslag
Regn og hagl og sludd og snø
Våren tok to steg tilbake
Når det skulle grø

Поcмотреть все песни артиста

Другие альбомы исполнителя

Похожие исполнители