Tåka frå fjella kom sigande på Og samla seg rondt meg så eg ikkje fekk sjå. Ho heldt meg færr augun, men hjartet mitt ser Ein skugge i tåka som smiler og ler. Og skuggen i tåka; det va som'n sa: "Ikkje ver lei deg. Elt gjenge bra." Eg prøva å prate, men orda forsvant. Eg prøva å gå, men eg kom ikkje langt. Færr orda blei sløve og nådde ikkje fram. Og tonan' blei døve og mista sin klang. Og elva ho stilna brått i si bukt. Den einaste rørsla va' ei kråke på flukt. Eg såg deg i draume'; ved vegen du låg Og kikka på noko eg ikkje såg. Du va' nok elt framme og satt ved ditt bord. Ein engel heldt deg i hånda da du resste frå jord. Du hjølpte dei fleste sjøl' om kroppen va' støl. Du tenkte på andre meir hell deg sjøl'. Så vegen te' haugen va' lengre i dag. Og klokkun' dei kima med mørkare slag. Du levde som våren med livande sprell. Høvdingen på haugen fær gvile i kveld. Så følka i Himmelen kan glede seg nå Der du kjem i bootsa og pilotbrillun på. Du blir nok et midtpunkt med harpa som lét. Eg minnest deg bestandig med latter og gret. Eg minnest deg for bestandig med latter og gret.