Lensmannen banka på dynna ei nått. Han banka på hardt færr eg sov så godt, Og den som sev driv'kje med synd, Med mannskap og bil og et brev som sa At eg måtte ta på meg kleda og dra Med dei ein tur ned te by'n. Ååå! Med håndjønna på. Dei slang meg på cella sulten og keld, Strippa meg ned som ein vrang kriminell Og lot meg bli færr meg sjøl'. Eg sto på gølvet uten belte og sko Og tenkte på om det va' verdt han eg slo, Og eg kom nok fram te' et "Jau!" Ååå! Med håndjønna på. Med hardhendte nevar tok dei meg med Frå kulda i cella og drog meg i kne, Og spurde meg om alibi Med lovnad om mildare straff om eg ga' Litt info te' dei, men eg glisa og sa At: "Eg klypper egen plen." Ååå! Med håndjønna på. ♪ Dei slapp meg ut etter timar med flørt, Oppgjedde blikk og ting dei har hørt Og eg spurde fint: "Kan eg sitta på heim?" Lensmannen trekte på smilet og lo Og sa: "Sett deg baki og held deg i ro. Skyss ska'ru få - heimatt te' Bø." Ååå! Med håndjønna på.