Sheriffen leita med bikkje og bil. Nokko hadde skjedd der - det va' ingen tvil. Bonden hadde hørt det seint i nått. På bakken va' spora frå ein kamp. Det va' visst ein som tapa og tydleg ein som vant. Et hælvetes leven, hadde'n hørt. Begge va' fordufta; det einaste dei fant Va' kolsvarte spor frå camaro'n som forsvant Og et balltre delt i to. Tidlegar på kvelden på ein pub som va' lokal, Hagla det flaskur med Chivas Regal. Vøndauga gjekk mens ramma sto. Parketten den glinsa rødt av blod. Ei grov røst sa'e at nå e'ru dømt Og det var elt'n sa'e, så va' lokalet tømt. Éin sto att og skula stygt. Nå e' timen kommen og snart er'u tatt, Og elt det følk vi' finne e' blodet du legg att. Og kanskje ein finger eller fleir. Det va' nok synd det va' meg du traff. Og nå ska' du få din straff. Eg e' ein stygg demon Frå ein ana' dimensjon. Du har ein køddig situasjon. Hått som skjedde så e're ingen som veit. Eg hørte et rykte om ein kar som dreiv og sleit På ein strisekk tung og fæl. Han grov'n ned på ein uviss plass Og merka i ei bjørk: Det va jaggu meg te' pass. Fekk du det der, din jævla stut? Og håssen eg veit dettan her? Det kan nok hende eg va' der. Eg e' ein rettskaffen mann Som vi' gjera det eg kan Færr å ta følk - slik som han.